Sogn Jord- og Hagebruksskule Venneforening er ein ideell
medlemsorganisasjon. Føremålet med Sogn Jord- og Hagebruksskule
Venneforening er å sikre at SJH held fram med å vera ein skule med
undervisning i økologisk landbruk og eit kunnskapssenter for
berekraftig næringsutvikling. Føremålet skal mellom anna oppfyllast
ved at det vert reist kapital til naudsynte investeringar i bygg og
anlegg.