Eid Spelemannslag har som foremål å take vare på og verne den gamle
slåttemusikken og då i første rekke slåttar som er frå, eller har vore
mykje nytta i distriktet. Aktiviteten er speling til lag som dansar
gammaldans, eigne konsertar og deltaking i konsertar saman med andre.
Laget driv og med opplæring i trekkspel og fele for dei som ynskjer
det.