Longva kunstnarresidens (LK) er ei ideell foreining med føremål om å
skape ein tverrfagleg, internasjonal kunstarena med høve til
arbeidsopphald for profesjonelle kunstnarar, kuratorar, skribentar og
andre med eit aktivt forhold til samtidskunstfeltet. LK vil styrke den
kunstfaglege infrastrukturen i regionen med fordjupings- og
produksjons-moglegheiter, fagleg kompetanse og rom for ein utviklande
dialog. Det skal tilførast kompetanse frå eit nasjonalt og
internasjonalt fagmiljø.