Hjelpa medlemmene med rekneskapsføring og økonomisk rådgjeving.
Rekneskapet skal gje grunnlag for utrekning av skattar og avgifter og
planmessig næringsdrift med ei oversikt over medlemmene sin økonomi.
Rekneskapet skal også kunna gje grunnlag for driftsanalysar og
driftsplanlegging. Vidare kan laget hjelpa medlemmene med eventuelle
klager i samband med skattlegging og avgiftsberekning, og utforma svar
på spørsmål i samråd med medlemmen. Så langt det er ønskjeleg skal
laget utvida rekneskapet slik at dei kan gje grunnlag for individuell
rådgjeving, grupperådgjeving, undervisning og forskning. Så langt råd
og ønskjeleg skal laget driva eller hjelpa til med anna økonomisk
planlegging eller rådgjeving for medlemmene. Laget skal også på andre
måtar vera serviceorgan for medlemmene, t.d. når det gjeld å avstå
grunn, eigedomsoverføring, finansieringsspørsmål og anna.
Rekneskapslaget kan utøve tilsvarande bistand til ikkje-medlemmer.
Avkastninga til laget, bortsett frå ein normal forrenting av innskoten
kapital, blir enten ståande i laget eller fordelt blant medlemmen på
grunnlag av deira andel i omsetninga med føretaket, jf. pkt. 8
nedanfor.