Laget er oppretta i samsvar med vilkåra i "Forskrift om pliktig
organisering og drift av vassdrag med anadrome laksefisk" og skal ta
vare på dei lovpålagte forvaltningsoppgåvene gitt i Laks- og
innlandsfiskeloven med tilhøyrande forskrifter. Laget skal forvalte
fiskeressursane i vassdraget, til beste for medlemmene innafor rammene
av ei berekraftig ressursforvaltning.
Laget skal vere felle skontaktledd mellom lagets medlemmer og
offentlige styresmakter.
Laget har ikkje erverv til føremål og den enkelte medlem disponerer
sjølv eigen fiskerett eventuelt i samarbeid med andre medlemmer. All
formidling av fiske går føre seg uavhengig av laget.
Fiskeforvaltning i samsvar med dei lovpålagte forvaltningsoppgåvene
gitt i Lakse- og innlandsfiskeloven med tilhøyrande forskrifter, og i
denne samanheng skal laget vera felles kontaktledd mellom lagets
medlemmer og offentlige styresmakter.