Selskapet skal medverke til auka verdiskaping og nyetablering innafor
kunnskapsintensive verksemder lokalt og regionalt og å få nasjonale
kunnskapsbaserte arbeidsplassar til fylket. Selskapet skal vere ein
pådrivar overfor næringslivet og forskings- og høgskulemiljøet i
fylket og på den måten stimulere til kommersialisering av FoU-resultat
og forretningsidear med stort potensiale. Selskapet skal gjennom det
nasjonale SIVA nettverket for innovasjon og nyskaping, fungere som eit
nav med næringshagane i det lokale nettverket for oppnå meirverdi av
den etablerte kunnskapen i fylket. Selskapet skal ha ein
desentralisert oppbygnad og gjennom formidling av idear og kompetanse
initiere og medverke til nyskaping og omstilling i næringslivet i
fylket. Selskapet kan eige aksjar i andre selskap og gå inn med
kapital i nyetablerte bedrifter og bedrifter som er i ein
utviklingsfase, og skal gjennom slike investeringar og løpande
prosjektoppdrag, også oppnå lønsemd for selskapet. Selskapet skal ha
ein innløysingsavtale for aksjeinvesteringane.
Selskapet skal arbeide for å skape kunnskapsbaserte arbeidsplasser i
Sogn og Fjordane, og medverke til nyskapning og omstilling i
næringslivet i fylket.