Renovest - Renovasjonsselskapet for alle i Vest-Telemark
Føremålet til selskapet er å ta vare på alt avfall i regionen på ein
miljømessig, teknisk og økonomisk forsvarleg måte ved at kommunane
overfører dette ansvaret til selskapet. Selskapet skal
- etablere, eige og drive anlegg for mottak, handsaming og deponering
av avfall i dei fem kommunane i samsvar med forureiningslov og
konsesjonsvilkår
- vere ansvarleg for innsamling, transport og handsami avfallstyper
etter lovverk og føresegner
- ta seg av all innsamling og vidare handsaming av slam frå
renseanlegg, septiktankar og lukka anlegg
- drive informasjon, samordning, rådgjeving og tilrettelegging
vedkommande avfallshåndtering.
Selskapet kan ta på seg oppgåver for andre kundar enn eigarkommunane
og kjøpe tjenester knytt til drifta frå andre dersom dette er teneleg.
Selskapet avgjer i kva grad drifta skal nytte eigne anlegg, utstyr og
mannskap, eller ved leige-/ og/eller driftsavtaler med kommunar,
verksemder eller personar.
Representantskapen kan vedta at selskapet deltek i andre føretak
dersom føretaket har avgrensa ansvar og dersom slik deltaking fremjar
selskapet sitt føremål og kompetanse og/eller tek sikte på å gje
tekniske/økonomiske og miljø-
messige driftsføremoner. For same føremål kan selskapet stifte
dotterselskap som vert eigd fullt ut av RENOVEST.
Kommunane skal samordne sine renovasjonsføresegner slik at dei vert
like, og samsvarar med denne selskapsavtala.
Interkommunalt avfallsselskap med oppgaver som innsamling, transport
og sortering av avfall, drift av avfallsplasser, drift av
slambehandling og salg av gjenvinnbare fraksjoner.