Føretaket skal utvikle og drive ulike arbeidsretta tiltak for NAV og
Vaksdal kommune. Dei arbeidsretta tiltaka blir gjennomført ved hjelp
av vare- og tenesteproduksjon som er tilpassa ein marknad i konstant
endring. Føretaket skal drive i tråd med dei til kvar tid gjeldande
retningsliner frå NAV.
Føretaket skal bidra til å utvikle ressurser hos den einskilde
deltakar gjennom tilrettelagt kvalifisering, kompetanseheving og
arbeid. Målet skal være å få deltakarane ut i ordinært eller varig
tilrettelagt arbeid på den ordinære arbeidsmarknaden.
VTA bedrift. Eit kommunalt føretak med varig tilrettelagde
arbeidsplasser for utviklingshemma. Her produserer ein enkle tekstil
og treprodukt, driv catering og vedproduksjon. Produkta vert lagt ut
for salg i liten butikk på senteret.