1. Foreiningane skal arbeide etter dei retningslinjene som går fram av
vedtektene og programma for Skolenes landsforbund og
Landsorganisasjonen i Noreg. 2. Foreininga skal søkje å organisere
alle lønnstakarar som kjem inn under foreininga sitt
organisasjonsområde. 3. Foreininga skal ivareta medlemmene sine
interesser overfor kommunale styresmakter, blant anna ved å sørgje for
at det vert valt kommunetillitsvalte etter gjeldande avtaleverk.
Foreininga skal sørgje for at det vert valt forhandlingsutval og
gjennomført lokale forhandlingar for medlemmer på kommunalt og statleg
tariffområde, eventuelt andre tariffområde innanfor foreininga sitt
organisasjonsområde. Ved behov vert forhandlingsutval som er nedsett
på fylkesnivå, nytta. 4. Foreininga skal halde jamleg kontakt med
enkeltmedlemmer. 6. Foreininga skal i samarbeid med fylkeslaget ha
ansvar for opplæring og skolering av medlemmer, i tillegg til
informasjon og vervearbeid. 7. Foreininga skal slutte seg til den
lokale LO-avdelinga på staden.