Føremålet med selskapet er å take vare på alt avfall i regionen på ein
miljømessig, teknisk og økonomisk forsvarleg måte, ved at kommunane
overfører dette ansvaret til selskapet. Selskapet skal: etablere, eige
og drive anlegg for mottak, handsaming og deponering av avfall i dei
fem kommunane i samsvar med forureiningslov og konsesjonsvilkår, vere
ansvarleg for innsamling, transport og handsaming av alle avfallstypar
etter lovverk og føresegner, ta seg av all innsamling og vidare
handsaming av slam frå reinseanlegg, septiktankar og lukka anlegg,
drive informasjon, samordning, rådgjeving og tilrettelegging
vedkomande avfallshandtering. Selskapet kan ta på seg oppgåver for
eigarkommunane og andre kundar og kjøpe tenester knytt til drifta frå
andre når dette er teneleg.Selskapet avgjer i kor stor grad drifta
skal nytte eigne anlegg, utstyr og mannskap, eller ved leige og/eller
driftsavtalar med kommunar, verksemder eller personar.
Representantskapet kan vedta at selskapet deltek I andre føretak med
avgrensa ansvar, når dette fremjar selskapet sitt føremål og
kompetanse, og/eller tek sikte på å gjeve tekniske økonomiske- og
miljømessige driftsføremoner.
Kommunane skal samordne sine renovasjonsføresegner slik at dei vert
like og samsvarer med selskapsavtalen.
Gjennvinning, håndtering og sluttbehandling av avfall.