Østrem - Kallestadbakken Hjortevald. Valdet grensar mot Stødle i vest
og Nordheim i aust i Etne kommune. Valdet går inn for eit rasjonelt
jakthushald ved å sjå etter at jaktlova vert halde, tilpassa
skattlegginga av viltstammene til det viltbestanden til ei kvar tid
tilseier, og setja i gong dei tiltak som fagfolk reknar som
føremålstenleg for å fremja viltstellet. Valdet skal arbeida for god
jaktkultur og respekt for dyrelivet i det heile.