Foreldrerådet sitt arbeidsutval (FAU) skal fremje fellesintresser til
foreldra, vere bindeleddet mellom foreldra og skulen og jobbe for eit
godt læringsmiljø for alle elevane. FAU har informasjonsplikt overfor
alle foreldre/føresette. Info vert gitt via infoskriv og facebook. FAU
arrangerer ein grunnskulefest iløpet av skuleåret, til inntekt for
FAU, som igjen støttar opplegg/utstyr for elevane/skulen.