Føretaket skal vere eit verkemiddel for Stad kommune i utvikling,
tilrettelegging og forvaltning av attraktive og føremålstenlege
næringsareal og -bygg i kommunen.
Føretaket skal bistå Stad kommune med kompetanse, rådgjeving og
utvikling på energiområdet for å sikre at kommunen sine behov for
framtidig utvikling vert imøtekomne.
Føretaket skal også medverke til miljøvennleg energibruk i Stad
kommune ved å bygge ut og drifte energianlegg som er basert på
fornybare energiløysingar. Selskapet kan inngå avtale med offentlege
og private byggeigarar om tilknyting og bruk av miljøvennleg energi
frå desse anlegga.
Drifta av energianlegga kan setjast bort til andre selskap etter
nærare avtale.
Ved avtale om dette, kan Stad Energi- og Eigedomsutvikling KF også stå
som utbyggar av anna infrastruktur mot refusjon.
Alle eksisterande avtalar som er inngått av begge selskapa vert
automatisk vidareført til Stad Energi- og Eigedomsutvikling KF.
Utvikling, drift og forvaltning av kommunale næringsbygg og areal,
anlegg og infrastruktur på fornybar energi.