Velkommen til Norsk Villsaulag BA!
Her finn du informasjon om oss og om sauerasa gammalnorsk sau.
NVL eig varemerket Norsk Villsau og beskytta nemning Villsau frå Norskekysten.
Vilkåret for å bruke varemerket villsau er ikkje berre knytt til at det er rasen gammalnorsk sau, men også til driftsform; full utegang i lynghei.
Norsk villsaulag skal arbeide for å fremje eit rasjonelt og lønsamt
villsauhald, tryggje beiteretten og stimulere til samarbeid i
produksjon og omsetnad. Det skal arbeidast for å ta vare på rasen
Gamal Norsk Sau, også kalla villsau, i tråd med rasebeskriving, og
bidra til skjøtsel av kystlynghei.