Lyngmo - Leirplass og overnatting i Sogn. Gjestehus og camping, bed & breakfast, campingplass og hytter på Hafslo i Luster, nær Sognefjorden.,Lyngmo - Leirplass og overnatting i Sogn. Gjestehus og camping, bed &
breakfast, campingplass og hytter på Hafslo i Luster, nær Sognefjorden.
Føremålet er å vinna menneske for Gud og få dei aktivt med i arbeidet
i Guds rike. Ein ynskjer å leggja til rette for ei effektiv drift,
slik som leir, kurs og møteverksemd, legge grunnlag for menneskeleg og
åndeleg vekst og fremja engasjement for aktiv deltaking i misjon,
kultur- og samfunnsliv. Arbeidet vert bygd på den heilage skrift og på
den evangelisk- lutherske vedkjenning, i samsvar med grunnreglane i
Indremisjonsforbundet (IMF) og i Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM).
Selskapet har ikkje forteneste som føremål, og det skal ikkje betalast
utbyte til selskapet sine aksjonærar. Vert selskapet oppløyst, går
formuen til Norsk Luthersk Misjonssamband, Region Vest og Sogn og
Fjordane Indremisjon.