Selskapet skal arbeide for at arkivmateriale frå eigarane eller slikt
materiale som desse tek ansvar for, blir teke vare på og gjort
tilgjengeleg for offentleg bruk, forsking og andre administrative og
kulturelle føremål, i samsvar med arkivlova.
Selskapet skal i samråd med eigarane arbeide for å utvikle effektive
og rasjonelle arkivtenester hos eigarane, m.a. ved å bistå i
utarbeiding av arkivplan og oppbygging av eigaranes arkiv, stå for
opplæring og rettleiing i arkivsystem og arkivrutinar, gje råd og ha
tilsyn med arkivlokale, og bistå med anna arkivarbeid for eigarar.
Selskapet utfører arbeid for den einskilde eigar som står i høve til
eigarens del av driftstilskotet.
Selskapet kan etter nærare vedtak av styret prise visse tenester og
slik h eigne inntekter. Dei tenestene som kan prisast skal i hovudsak
vere slike som ikkje vil bli gjevne til alle eigarar, eller eigarer
vil ha ulik etterspurnad etter, eller tenester som ligg utanfor
arkivets hovudføremål.
Selskapet skal vere ein bidragsytar i problemstillingar knytt til
private arkiv.
Til gjennomføring av spesielle prosjekt utanom arkivets ordinære
arbeidsoppgåver, blir det søkt finansiering mellom eigarar eller andre
som spesielt ønskjer prosjektet gjennomført.
Selskapet har høve til å ta på seg konsulentoppdrag for andre, når
oppdragsgjevar betaler for tenestene og det ikkje går ut over arkivets
hovudoppgåver.
Definisjonen av føremål og ansvarsområde er uttømmande. Styret og
representantskapet har ikkje mynde til å fatte vedtak på område som
ikkje er nemnt ovanfor.
Arkiv fagleg rådgjeving overfor deltakarane.
Depot for deltakarane sitt konsesjonspliktige arkivmateriale.