26. novemberkomiteen sitt hovudformål er å arrangera fakkeltog til
minne om 10 jødiske naboar som vart deporterte frå bydelen Møhlenpris
26. november 1942. I samband med dette har me fått oppført ei
minneplate ved Vitalitetssenteret i Wolffs gate, og vårt neste mål er
å få sett ned "Stolpersteine"/minnesteinar utanfor husa der dei ti
budde. Menneskerettsarbeidet og menneskerettserklæringa er det som
ligg i botn for det årlege arrangementet.