Vere eit aktivt fellesskap og talerøyr for utvikling av eit betre
lokalmiljø i Naustdal. Føremålet er å fremje aktivitet, betre trivsel
og psykososiale tilhøve og ta del i utviklinga av området, slik at det
vert meir triveleg, funksjonelt, tiltalande og spanande, samstundes
som ein tek vare på særpreg, eigenverdi og verneverdige miljø. Vi vil
støtte fram lokale dugnadsinitiativ og saman med dei frivillige
dugnadskreftene betre livskvaliteten til dei som bur og arbeider her
og til dei som besøker oss.