Lokallag av Norsk Sau og Geit. Foreningsarbeid på lokalt
nivå. Formål Norsk Sau og Geit (heretter omtala som NSG) er ein open
interesseorganisasjon for sauehaldarar, geitehaldarar og haldarar av
gjetarhund. NSG skal arbeide for å fremje eit rasjonelt og lønsamt
sau- og geitehald basert på lokale ressursar, samt bruk av gjetarhund.
Vidare skal det arbeidast for å tryggje beiteretten, stimulere til
samarbeid i produksjon og omsetnad, auka bruk av norske småfeprodukt
og fremje småfehaldet i samsvar med god dyrevelferd, naturvilkår og
marknadstilhøve. NSG driv ikkje med erverv som formål.