Koret har som føremål å fremja forståing for og kjærleik til gamal
og ny kyrkjesong, og med denne tena og inspirera kyrkjelyden og
gudstenestelivet. Korarbeidet skal gje den einskilde songar opplæring,
medverka til musikalsk modning, og fremja eit godt medmenneskeleg
fellesskap.