Teknolaben er eit prosjekt der skule, heim, næringsliv og kommune skal
samle alle gode krefter og føreta ei unik satsing på born og unge.
Teknolaben har som føremål å skapa engasjement og inspirasjon for
realfag/ basisfag og teknologi på Vikedalskule. Foreninga vil søka
medlemskap i Teknolab Skole. Den grunnleggjande tanken er at elevane
skal få aktiv læring. Teknolaben inneheld difor undervisningsutstyr
slik at elevane kan prøva ut prinsipp og idear innan teknologi,
matamatikk, mekanikk, design, data, elektronikk osv.