Gjennom nettverket vil ein fremje kvinner sine interesser i samfunnet,
og slik vere ein pådrivar for å sette saker som angår kvinner på
dagsorden. Nettverket vil vere ein møteplass for kvinner som ynskje å
vere delaktig i samfunnsutviklinga og gjennom ulike aktivitetar vil
nettverket vere med å påverke interesseområda og sette dei på
dagsorden. Kvinner Opp og Fram skal: Vere ein møteplass for alle
kvinner i området. Fremje kvinner inn på arenaer der besluttningar
skal takast. Sette dagsorden i saker som engasjera kvinner.
Koordinere og drive fram felles saker og fremme kvinners felles
interesser. Informere og påverke i kvinnepolitiske spørsmål.
Bekjempe diskriminering av kvinner. Lyfte fram kvinners styrker og
moglegheiter. Arrangere faglege seminar med ulike temaer.