Folkeakademiet Sula er eit ideelt lag som arbeider for å fremje eit
allsidig kulturliv i kommunen, til dømes ved å arrangere foredrag,
konsertar, teater eller andre typer kulturprogram. Program om
samfunnsaktuelle tema av lokal eller global karakter med påfølgjande
debatt kan ein og arrangere. Målsetjinga er å gje folk i alle aldre
gode kulturopplevingar og å skape engasjement rundt viktige
samfunnssaker. Folkeakademiet samarbeidar også med andre foreiningar
og lag. Eit folkeakademi vil generelt prioritere arbeid for og med
barn og unge.