4H Norge er ein landsomfattande barne- og ungdomsorganisasjon med
omlag 16 000 medlemer i Norge. Organisasjonen sitt føremål er å
utvikle ein arbeidsglad og samfunnsengasjert ungdom med respekt for
alle menneske, naturressursar og livsvilkår. Kvar enkelt medlem
gjennomfører minst 1 prosjektoppgåve i året og dei planlegg, deltek i
og gjennomfører ulike aktivitetar på lokalplanet. Organisasjonsarbeid
er eit særs viktig arbeidsområde, og 4H driv omfattande opplæring av
medlemene innan dette feltet.