Vere ein aktiv interesseorganisasjon for folk med interesse for
nordisk jernalder/norsk vikingtid. MFV har som formål å spreie
kunnskap om vår nordeuropeiske historie frå jernalder/vikingtid. Vi
ønskjer å auke medlemmane sine kunnskapar om alle sider ved dagligliv
i nordisk vikingtid, som handverk, kultur/folketru, musikk,
mattradisjonar, idrett, våpenbruk (til dømes gjennom vikingkampgruppe)
osb. Vi ønskjer å synleggjere laget ved å delta på marknader,
festivalar og andre arrangement innan vårt nedslagsfelt, samt halde
kurs/seminar o.l.