Målet med foreninga, Bibelen til alle - Sogn og Fjordane, er å setja
fokus på Bibelen som den viktige boka for samfunnet vårt og for
einskildpersonar. Foreninga vil hjelpe folk til å lese ei moderne
omsetjing av Bibelen. Ein vil aktualisere innhaldet for menneske i
dag, slik at fleire kan vurdere Bibelen som relevant for deira
kvardagsliv. Utdeling av Bibelen til alle husstander i Sogn og
Fjordane er eit viktig virkemiddel for å nå dette målet.