Norddal Reiselivslag er eit fellesorgan for dei organisasjonar,
institusjonar, bedrifter og einskildpersonar som har interesse knytt
til reiselivsnæringa innan laget sitt geografiske område.
Norddal Reiselivslag skal gjennom samling og koordinering av krefter
og interesser arbeide for turistane sin trivsel og ei sunn utvikling
av reiselivsnæringa, til beste for bedrifter, arbeidstakarar og
samfunn.
Norddal Reiselivslag skal gjennom samarbeid med ulike aktørar ha som
siktemål å arbeide for å gjere reiselivsnæringa til ei hovudnæring i
kommunen.
Norddal Reiselivslag skal gjennom rådgivning og kompetanseheving
arbeide for å fremje eit høgt kunnskaps- og kvalitetsnivå, då det er
avgjerande for å kunne verte ei hovudnæring.