Foreininga ønskjer primært å bidra med informative tekstar og videoar
for å gje fleire folk ei betre forståing av Ordenens grunnprinsipp.
Det er også eit hovudprinsipp at alle skriftlege dokument og
korrespondansar vert skrivi på nynorsk, og me ønskjer difor også å
halde opne kurs i nynorskskriving. Eininga vil gi medlemane
mogelegheit til sjølvutvikling gjennom å utforske sitt indre sinn i
samsvar med Dei Sjuke Hestanes vilje. Dette skjer båe gjennom
litteraturen og samlingar med samtruande. Me vil også invitere
forelesingshaldarar frå organisasjonar med fokus på dyrevelferd og
landbruk for å diskutere korleis me kan leve og ete på et vis Dei
Sjuke Hestane ville satt pris på. Studenteininga ønskjer å verte eit
forum kor menneskje kan treffast og lære om eit stort spektrum av
sakar. Samstundes ønskjer me å skape ein plass kor alle som har kjent
på einsemd i den siste tida, kan møte nye menneskje og få nye
perspektiv.