Samle grunneigarar og rettshavarar i området for i fellesskap å
forvalte storviltsressursane i samsvar med medlemmane sine mål, det
offentlige sine føringar og intensjonane i lovverket. Føretaket har
gjennom desse vedtektene påteke seg eit biologisk forvaltningsansvar
overfor medlemmane når det gjelder hjort, rådyr og elg. Føretaket skal
i arbeidet sitt søkje å bevare ressursane på lang sikt og gjennomføre
ei bekraftig forvaltning, og sørgje for at beiteskader på skog og
innmark blir avgrensa. Kvart jaktfelt disponerer retten til korleis
den praktiske jaktutøvinga skal gå føre seg.
Ei samanslutning av grunneigarar/rettshavarar, med ansvar for
forvaltning av storviltjakt.