Haltdalen Sau og Geit er ein open interesseorganisasjon for
sauehaldarar, geitehaldarar og haldarar av gjetarhund. Haltdalen Sau
og Geit skal arbeide for å fremje eit rasjonelt og lønsamt sau- og
geitehald, samt bruk av gjetarhund. Vidare skal det arbeidast for å
tryggje beiteretten, stimulere til samarbeid i produksjon og omsetnad,
auka bruk av norske småfeprodukt og fremje småfehaldet i samsvar med
god dyrevelferd, naturvilkår og marknadstilhøve. Haltdalen Sau og Geit
driv ikkje med erverv som formål.