Å fremje næringsverksemd i kommunen med hovudfokus på lokal
verdiskaping, trygging og etablering av arbeidsplassar. Selskapet skal
ha som langtidsmålsetjing å arbeide for å inngå eit samarbeid med
andre eigedomseigarar på Århus, anten ved tileigning av eigedommar ved
kjøp eller leigeavtaler. Selskapet skal bidra til utvikling for
eksisterande leigetakarar og legge til rette området for nye
verksemder. Selskapet skal arbeide innanfor ramma av godkjente
kommunale planar. Selskapet skal samarbeide med det offentlege
verkemiddelapparatet samt lokale, regionale og sentrale styremakter.
Selskapet skal bidra til at Seljord står fram som ein attraktiv
kommune for næringsutvikling, overfor sentrale mynde og investormiljø.
Selskapet skal arbeide for samordning av statlege, fylkeskommunale,
kommunale og private ressursar som er tilgjengelege for å trygge
eksisterande arbeidsplassar og å utvikle nye arbeidsplassar på Århus.
Selskapet skal prioritere utvikling av infrastruktur på
industriområdet, samt arbeide for at industriområdet blir omtykt og
får eit tiltalande fyrsteinntrykk for forbipasserande.