Viksdalen Nærmiljøråd skal vere ein partipolitisk nøytral organisasjon
som vil arbeide for eit godt lokalmiljø på Viksdalen. Føremålet er å
ta initiativ til og fremje utvikling i bygda, samt vere eit talerøyr
for bygda inn mot andre instansar. Å stimulere til positiv
folketalsutvikling i bygda vil vere ei oppgåve. Vi vil støtte lokale
initiativ som kan betre livskvaliteten til alle som bur, arbeider og
besøker Viksdalen