Nordhordland Revisjon IKS har som oppgåve å utføre revisjon i kommunar
i høve til Lov om kommunar og fylkeskommunar av 22.juni 2018 nr 83
kapittel 24.
Nordhordland Revisjon IKS skal på vegne av kommunestyret og
kontrollutvalet stå for jamleg kontroll med forvaltninga i kommunar i
høve til forskrift om kontrollutval og revisjon.
Nordhordland Revisjon IKS skal vidare ha som føremål å kunna tilby
sine revisjons- og rådgjevingstenester ovanfor ulike verksemder som
kommunar er økonomisk involvert i , eller har andre interesser i.
Selskapet kan også tilby sine tenester til private selskap med og utan
revisjonsplikt.
Alle eksterne oppdrag som ikkje er ein del av kommunen si
forvaltningsverksemd skal vera sjølvfinansierande. Avtale om revisjon
vert inngått mellom oppdragsgjevarane og Nordhordland Revisjon IKS ved
dagleg leiar/revisjonssjef.
Revisjon i.h.t. Kommuneloven m/forskrifter av kommuner, kirkelige
fellesråd, kommunale foretak og selskaper, overformynderi,
interkommunale selskaper m.m.