Barne- og ungdomsteater og kurs i Oslo | Den Mangfaldige Scenen
Den mangfaldige scenen er eit barne- og ungdomsteater der unge mellom 6-26 får lære, skape og spele teater i samarbeid med profesjonelle kunstnarar. Nynorskens hus er hovudscenen. Pr år har DMS om lag 150 aktive i ulike kurs og framsyningar.
Arbeide med å få fram sceniske uttrykk i møte mellom barne- og
ungdomskultur og kulturarvar. Barn og unge med ulik kulturell og
sosial bakgrunn skal få høve til å uttrykke seg og utvikle og styrke
dei skapande evnene sine. Arbeidet skal styrke og fremje forståinga av
nynorsk mellom barn og unge. Selskapet sitt administrative språk er
nynorsk. Selskapet har ikkje erverv til føremål. Dersom selskapet har
overskot, skal dette berre nyttast til arbeidet for barn og unge.
Selskapet skal ikkje betale utbytte til aksjonærane.
Kultur, barne- og ungdomsteater, undervisning, musikk- og
teaterframsyningar.