Samla alle som eig eller leiger fallrettar i verna vassdrag. Arbeide
for ei endring av regelverket som opnar opp for miljø- og klimamessig
fornuftige utbyggingar i verna vassdrag, utan at vesentlege
verneverdiar vert råka. Ei viktig oppgåve vert å få opna opp for
ordinær konsesjonshandsaming i verna vassdrag. Arbeide for at
sakshandsaming følgjer vedtaka i verneplanane og dei verdiane som ligg
til grunn for vernet. Arbeide for at der det er enkeltobjekt som ligg
til grunn for vernet, bør desse objekta få eit strengare vern.