Føremålet til SNITT er å drive eit litterært-estetisk blad primært av
og for det bergenske kulturmiljøet. Vi ønskjer å trekke frem
fagkompetanse frå og bygge formidlingskompetanse hos kulturmiljøet i
byen, samt å bygge interesse og respekt for ulike kulturuttrykk.
Bladet skal utvide det offentlege rommet ved å opne for
sjangeroverskridande litterære, drøftande tekster og visuelle bidrag
som gjerne elles ikkje kjem ut i det ålmenne ordskiftet. SNITT skal
publisere tekster og visuelle bidrag som kan vere interessante for
kulturinteresserte. Her under reknast skjønnlitteratur, essay, kunst
og kulturkritikk i tillegg til tekster om kulturpolitikk og Bergen som
kulturelt rom. SNITT skal søkje å skape eit godt tverr-estetisk
miljø, faglig så vel som sosialt, blant unge aktørar i byen. Vi
ønskjer å vere ein arena der nye skribentar og visuelle kunstnarar kan
utvikle seg. SNITT skal vere kritisk og uavhengig, og partipolitisk
nøytral.