Velkomen til Sagastad og vår Viking-oppleving på Nordfjordeid
Stiftinga Sagastad skal etablere og drive eit viten- og
opplevingssenter for vikingtida med basis er dei funna som er gjort på
Myklebust på Nordfjordeid og historia som er har utspelt seg.
Stiftinga skal elles sjå regionen si historie i eit større perspektiv
og knyte denne saman. Stiftinga skal etter sitt føremål drive
følgjande verksemd: a. Drive eller vere medeigar i Sagastadsenteret b.
Skape opplevings- og formidlingsaktivitetar som ledd i arbeidet med å
heve kunnskapen om og engasjementet for vikingtida; samfunn,
gravskikkar, skipsbyggingstradisjonar, styresett/kongemakt, reiser og
samhandling, og dra linene både til tida før og etter denne perioden.
c. Marknadsføre senteret nasjonalt og interjasjonalt. d. Bidra til
dokumentasjon, forsknings- og utviklingsarbeid og auka samarbeid
nasjonalt og internasjonalt innan senteret sitt faglege virkeområde.
e. Ha ansvar for budsjett og økonomistyring f. Ha arbeidsgjevaransvar
for tilsette i Stiftinga Sagastad.
Drive eller vere medeigar i Sagastadsenteret. Skape opplevings-
og formidlingsaktivitetar som ledd i arbeidet med å heve kunnskapen om
og engasjementet for vikingtida; samfunn, gravskikkar,
skipsbyggingstradisjonar, styresett/kongemakt, reiser og samhandling,
og dra linene både til tida før og etter denne perioden.
Marknadsføre senteret nasjonalt og interjasjonalt. Bidra til
dokumentasjon, forsknings- og utviklingsarbeid og auka samarbeid
nasjonalt og internasjonalt innan senteret sitt faglege virkeområde.
Ha ansvar for budsjett og økonomistyring f. Ha arbeidsgjevaransvar
for tilsette i Stiftinga Sagastad. I tillegg skal stiftinga eige og
forvalte aksjar i driftsselskapet Sagastad Drift As, og utføre
administrative oppgåver for driftsselskapet.