Haus kulturminnelag er eit friviljug lag som skal arbeide for eit
bærekraftig, allsidig og naturvenleg friluftsliv, kyrkje- og
kulturliv. Laget skal ta vare på kulturminner, kulturlandskap og
fremja aktivitet, rekreasjon og folkehelse og er tufta på friviljug
innsats. Haus kulturminnelag skal ikkje ha tilsette og skal ikkje ha
økonomisk vinning til formål. Som et tiltak for å nå desse
målsetjingane vil Haus kulturminnelag arbeide med å bevare og utvikle
område kring kyrkja, prestebrua, straumen og prestebustaden med naust,
kai og strandsone i samråd og samarbeide med OVF, Bjørgvin
bispedømmeråd og andre relevante samarbeidspartnarar.