Føretaket skal byggje og vidareutvikle merkevara Nordfjord Smak og
medverke til utvikling, rådgjeving, nettverksbygging, meirsal og
kompetansebygging for andelseigarane. Andelseigarane skal høyre til
Nordfjordregionen. Definisjonen av Nordfjordregionen er: Tidlegare
Vågsøy kommune (no Kinn kommune), tidlegare Hornindal kommune (no
Volda kommune) og verksemder med adresse i Stad, Bremanger, Stryn
eller Gloppen kommune.
Samle lokalmatprodusentane i Nordfjord og bygge felles merkevare. Vi
skal gjere lokalmat og drikke frå regionen meir synleg og tilgjengeleg
og gjere den enkelte produsent i stand til å utvikle seg og sitt
produkt.