Laget skal arbeide for å samle utøvarar innan spel, dans og song, og
andre interesserte for å dyrke, ta vare på og formidle vidare lokale
tradisjonar innan spel, song og dans. Laget skal drive
rekrutteringstiltak og opplæringsverksemd i spel, song og dans. Dei
skal drive opplysningsarbeid og fremje vørnaden for - og kjennskapen
til - norsk folkemusikk og dans.