Vindafjord Montessoriskule skal ha som formål å drive grunnskule.
Skulen med tilhøyrande drift av skulefritidsordning (SFO), skal vere
basert på pedagogiske prinsipp utvikla av Maria Montessori.
Aksjeselskapet har følgjande basis og formål: a)Vindafjord
Montessoriskule AS skal i all si verksemd søke å skape eit
læringsmiljø basert på grunnprinsippa i montessoripedagogikken: -
Tryggleik, deltaking og oppmuntring til sjølvstende. - Eit nøye
førebudd miljø på skulen. - Læraren som rettleiar og inspirator. -
Individualisere, fridom under ansvar og uforstyrra arbeidssyklus. -
Materiell som stimulerer sansane og som er basert på hjernen sin mest
effektive måte å tileigne seg kunnskap på. b) I forståing med foreldra
og i respekt for elevane, vil skulen formidle kunnskap, inspirere til
læring og utvikling av heile mennesket for å utruste elevane for eit
godt og ansvarleg liv i heim og samfunn. Selskapet har ikkje erverv
til formål, og det skal ikkje utbetalast utbytte til selskapet sine
aksjonærar.