1.1 Tornes Naturbarnehage (TNB) skal i nær forståing og samarbeid med
heimen, og i samsvar med lov og forskrift, ivareta barna sine behov
for omsorg og leik, og fremme læring og danning som grunnlag for
personleg utvikling. 1.2 Tornes Naturbarnehage er ein
friluftsbarnehage. Det betyr at naturen er hovudarena for den daglege
aktiviteten i barnehagen. Barna skal få utfalde seg i fysisk
aktivitet, skaparglede, undring og utforskartrang i møte med naturen.
Forståing og respekt for naturens eigenart og eigenverdi, og samspelet
mellom menneske, dyr og natur, er sentrale prinsipp i den pedagogiske
plattformen til barnehagen. Barna skal ha gode vilkår for personleg
utvikling, og lære å møte andre menneske med respekt. Grunnleggande
verdiar som respekt for menneskeverdet og naturen, åndsfridom,
nestekjærleik, tilgiving, toleranse, likeverd og solidaritet skal
prege kvardagen i barnehagen, i tråd med grunnleggande verdiar i
kristen og humanistisk arv og tradisjon. Rammeplan for barnehagen
(2017) skal vere grunnlag for drift av barnehagen. 1.3 Barnehagen si
årsplan følgjer dei kristne høgtidene. 1.4 TNB vil bruke ein
montessoriinspirert pedagogikk, og har som mål å ha personale med
godkjent montessoriutdanning. 1.5 Barnehagen skal drivast i samsvar
med gjeldande lover, forskrifter, vedtekter, årsplan og fastsett
budsjett for barnehagen.