Lydkåken Rockeverkstad skal vere ein pådrivar for musikkmiljøet i
Øystre Slidre kommune, som eit supplement til organiserte tilbod, med
fokus på sjangrane pop og rock. Lydkåken Rockeverkstad skal tilby eit
godt tilrettelagt- og fullt utstyrt øvingslokale til sine medlem, med
full PA- og lysrigg til konsertbruk. Lydkåken skal vere ein
rektuterings- og utviklingsarena for unge musikarar, samt vere ein
pådrivar for å fremje utøving innan pop- og rock i kommunen.