Å forvalte hjortestamma på ein slik måte at ein sikrar ein optimal og
vedvarande produksjon og avkastning, sunne og friske dyr, god kjønn-
og aldersfordeling og med passande stammestorleik i forhold til
leveområdet si bereevne (beitetilgang) og skadepress (skog og innmark)
for anna verksemd. Laget skal arbeide med hjorteforvaltning. Laget
skal sikre ei lokal bestandsbasert forvaltning av hjortevilt, samt
fordele fellingsløyve mellom medlemane. Laget skal og vere aktive i
arbeidet med å auke kompetansen til medlemmane innafor saksområdet.