OPPLÆRINGSKONTORET FOR OFFENTLEG SEKTOR I SOGN OG FJORDANE SA
Operating
Opplæringskontoret for offentleg sektor i Sogn og Fjordane – Tverrfagleg opplæringskontor med medlemmar innan offentleg sektor
Vere eit samarbeidsorgan for medlemane (læreverksemder), som i
fellesskap tek på seg opplæringsansvar for lærlingar, lærekandidatar,
praksisbrevkandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb, jf.
opplæringslova § 7-12.
Skal i samarbeid med medlemsverksemdene, skuleverket og
Fagopplæringsnemnda gjennomføre opplæring av lærlingar,
lærekandidatar, praksisbrevkandidatar og kandidatar for fagbrev på
jobb i samsvar med krava i opplæringslova, forskrift til
opplæringslova og læreplanane i aktuelle fag. Kontoret kan òg
administrere anna relevant opplæring og praksistrening for
medlemsverksemdene. Opplæringskontoret er fleirfagleg og skal kunne
teikne lærekontraktar i alle fag kontoret er godkjend for av
Fagopplæringsnemnda.