Forvalte eigenkapitalbevis som stiftinga vart tilført ved skipinga, og
å stå for ein langsiktig og stabil eigarskap i Sparebank 1 SMN.
Stiftinga skal i tillegg plassere midlane på ein føremålstenleg og
trygg måte ut frå omsynet til tryggleik, risikospreiing, likviditet og
avkastning.
Stiftinga skal disponere overskot og gje bidrag til allmennyttige
føremål. Gjennom disposisjonar skal stiftinga først og fremst ta omsyn
til det distriktet som har bygd opp kapitalen til tidlegare Sparebank
1 Søre Sunnmøre.
Gjennom verksemda si skal stiftinga ved eigarskapen sin i Sparebank 1
SMN, og vidareføring av sparebanktradisjonane, sikre eit godt
regionalt forankra sparebanktilbod på Søre Sunnmøre. Elles kan
stiftinga stå for anne verksemd som kan sameinast med nemnde føremål
og dei rammer som til ei kvar tid følgjer av regelverket for
sparebankstiftingar.
Forvalte eigenkapitalbevis som stiftinga vart tilført ved skipinga, å
stå for ein langsiktig og stabil eigarskap i Sparebank 1 SMN, samt å
gje bidrag til allmennyttige føremål.