Forsyne Nuken Hyttegrend med vatn og avløp til kommunal
avløpsledning/hovedledning. Vatnet skal sette dei krav mattilsynet
stiller til vatn for hytter/fritidsbustader. Medlemane skal montere
utvendig stoppekran med dreneringsfunksjon. Stoppekranen skal vere
stengd når hytta ikkje er i bruk. Vassinntaket skal sikrast mot frost.
Arbeidet skal utførast av autorisert røyrleggar. Verksemda skal eige
og drive borehol, pumpe og pumpehus, vassledning og avløpsnett i
hyttefeltet. Alle kostnadar med vatn og avløp skal delast likt på alle
medlemane. Nye vedlemar må søkje styret skriftleg om tilknytning både
for vatn og avløp, og dei må betale tilknytningsavgift og
andelsinnskott. Tilknytningsavgifta og andelsinnskottet følgjer gards-
og bruks nr. Det enkelte medlem kan bli stilt økonomisk ansvarleg
ovanfor foretaket dersom han ikkje overheld føringane gjeve i
vedtektene. Dette kan for eksempel være skadar på anlegget som følgje
av at utvendig stoppekran ikkje er stengd. Det skal sendast søknad til
styret ved utviding utover vatn og avløpsopplegg til ei hytte pr
gards- og bruks nr.
Samordnet og leie utbygging og drift av eit vassverk og avløpsnett som
forsyner hyttegrenda i området.