Eige og drive institusjonen Muritunet AS.
Institusjonen skal gje medisinsk behandling og levere ulike former for
helsefremjande og sjukdomsførebyggjande tenester som del av det totale
helsetilbodet i landsdelen. Hovudvekta skal ligge på spesialisert
rehabilitering, opptrening og opplysning samt anna verksemd som står i
samanheng med dette. Muritunet skal være ein samfunnsaktør som opptrer
som ein katalysator og utviklingsaktør mot både offentlege og private
aktørar. Selskapet vert drive på ideell basis og vil ikkje ha
kommersielt erverv til føremål. Det skal ikkje utdelast utbytte og
selskapet sine midlar skal heller ikkje på annan måte overførast til
selskapet sine aksjonærar. Ved oppløysing av selskapet skal selskapet
sine midlar stillast til disposisjon for realisering av verksemd i
tråd med første avsnitt i denne paragraf.
Drive institusjonen Muritunet AS. Institusjonen skal gje medisinsk
behandling og levere ulike former for helsefremjande og
sjukdomsførebyggjande tenester som del av det totale helsetilbodet i
landsdelen. Hovudvekta skal ligge på spesialisert rehabilitering,
opptrening og opplysning samt anna verksemd som står i samanheng med
dette. Muritunet skal være ein samfunnsaktør som opptrer som ein
katalysator og utviklingsaktør mot både offentlege og private aktørar.
Selskapet vert drive på ideell basis og vil ikkje ha kommersielt
erverv til føremål.