Bygdepride — 4. til 11. mai 2024, Søre Sunnmøre & Nordfjord
Pride-festival for Søre Sunnmøre og Nordfjord, 4. til 11. mai. Kjærleik er kjærleik 🏳️🌈
Foreininga skal ha som føremål å spreie kunnskap om og fremje aksept
av og toleranse for LHBTQ+-personar (lesbiske, homofile, bifile,
transpersonar, queer m.f.). Foreininga skal òg arbeide for å skape
samhald mellom og tilhøyrsle for LHBTQ+-personar. Arbeidsområdet skal
vere regionane Søre Sunnmøre og Nordfjord. Føremålet skal kome fram
gjennom følgjande aktivitetar: Ein årleg festival. Sosiale møtestadar
gjennom året. Ungdomsretta arbeid gjennom året.