Selskapet sitt føremål er å dekke deltakarkommunane sine behov,
plikter og oppgåver i medhald av brannvernlova, samt
Gjennomføre informasjons- og motivasjonstiltak i deltakarkommunane om
fare for brann, farer ved brann, brannverntiltak og opptreden i
tilfelle av brann og andre akutte ulykker.
Gjennomføre brannførebyggande tilsyn.
Gjennomføre ulykkesforebyggende oppgåver i forbindelse med handtering
av farleg stoff og ved transport av farleg gods på veg og jernbane.
Ha ansvar for å utføre nærmare bestemte førebyggande og
beredskapsmessige oppgåver i krigs- og krisesituasjonar.
Ha ansvaret for innsatsstyrke ved brann.
Ha ansvaret for innsatsstyrke ved andre akutte ulykker der det er
bestemt med grunnlag i deltakarkommunanes risiko- og
sårbarhetsanalyser.
Etter anmodning syte for innsats ved brann og ulykker i sjøområde
innanfor eller utanfor den norske territorialgrensen.
Syte for feiing og tilsyn med fyringsanlegg.
Syte for at deltakarkommunane sin brann/ulykkesberedskap er
organisera, bemanna og utrusta for å handtere lovpålagte oppgåver,
både enkeltvis og samla.
Samarbeide om brannvesen og utføring av lovpålagte brannførebyggande
oppgåver og feiing i kommunane.